Hva leter du etter?
Reis hvis du kan, bli hvis du må av Helga Flatland

Medrivande trilogi om bygd i sorg

Helga Flatland sine romanfigurar har rike indre liv, men klarer ikkje å gjere kvarandre sterke når tragedien råkar bygda.

Før fylte 30 år har Helga Flatland markert seg i norsk samtidslitteratur, og det med ein trilogi. Den siste i serien kom i fjor. Romantrilogien følgjer eit fast mønster. Forfattaren fortel gjennom ein person om gongen, og vekslar mellom nynorsk og bokmål frå person til person. (Kvifor gjer ikkje fleire forfattarar dette?).

Dødsfall som katalysator

Fire barndomskompisar reiser til Afghanistan for å delta i dei norske styrkane der. Tre av dei dør då bilen dei sit i vert råka av ei bilbombe. I tre bøker skildrar Helga Flatland soldatane og bygdemiljøet innanfrå, det er ikkje eit samfunnskritisk verk om den norske deltakinga i Afghanistan. Kvifor reiste kameratane eigentleg i krigen? Korleis opplever venner og familie tida etter ulukka?

Tre slike dødsfall set sjølvsagt eit sterkt preg på ei lita bygd. Flatland går djupare enn det. Det interessante i romanane er at ingen av personane har det særleg bra før ulukka skjer heller.

Ikkje Tarjei som kjenner seg pressa til å overta garden, ikkje dei forelska Trygve og Sigurd og ikkje Julie som lengtar etter å bli sett av far sin.

Kommunikasjonssvikt

Då kompisane døyr i Aghanistan, klarer få av dei etterlatne å halde kvarandre oppe i sorga, men synk djupt ned på kvar sin måte. Slutten på bok tre, Det finnes ingen helhet, vert eit tungt, elegant punktum som festar seg hos lesaren. Forfattaren sin store styrke er korleis ho skriv fram samansette personar som ein trur på og bryr seg om.

Då eg var ferdig med bok nummer tre, gjekk paradoksalt nok ei stripe av tegneserieskapar Frode Øverli i loop i hovudet. Den har tittelen "Verdens skumleste lyder", og viser (fritt etter minnet) ein mann som skrapar neglene på ei tavle, ein bil som lagar plutselege harkelydar, og i siste rute: Ei dame som stirrar intenst på deg med orda "Vi må snakke sammen". Helga Flatland sine romanfigurar klarer ikkje å forstå kvarandre med ord, og bøkene handlar like mykje om kommunikasjon som sorg.

Lån på Sølvberget

Podcaster og artikler om Helga Flatland

Beklager, nå stoppet det litt opp her på nettsiden. Last inn siden på nytt, er du grei 🗙