Hopp til hovedinnhold
Nynorsk 1-7 klasse

Nynorsk 1-7 klasse

Her finner du våre titlar på nynorsk for barneskulen.

Belsvik, Rune: Verdas mest forelska par: ei forteljing frå Bløygen (30 eks.) Esmiluni og Bidger har det godt. Dei bur i den vesle bygda Bøygen. Her dyrkar dei livet og kvarandre. Som kjærastar flest pludrar, kosar og klemmer dei dagen lang. Det einaste som kan true idyllen, er ein konkurranse om kven som skal kårast til Verdas mest forelska par – og Bjørn Disel. Bjørn Disel bur også i Bøygen, har bensinstasjon og er hemmeleg forelska i Esmiluni. Når den store konkurransen blir offentleggjort, melder han seg og Esmiluni på. Men Esmiluni er også påmeldt saman med Bidger, og heile Bøygen står bak dei når dei drar avgarde for å sikre heimbygda den store premien. Både konkurransen og Bjørn Disel set kjærleiken mellom dei to på ei hard prøve. Men som seg hør og bør i ei romantisk forteljing, endar det godt. Eit frodig persongalleri, underfundig humor og Belsviks særprega forteljarstemme gjer dette til ei spesiell leseoppleving.

 

Eriksson, Eva: Malla handlar (10 eks.) Malla har blitt så flink og stor at mormor let henne gå heilt aleine og handle. Men i butikken er det så mange store damer at ingen ser Malla. Da det blir hennar tur, hugsar ho ikkje lenger kva ho skulle handle. Potetsekken er så tung og vegen heim så lang - dumme mormor! Betre går det heldigvis neste gang, da skal ho berre handle wienerbrød til kaffen, eller var det krembollar ho skulle ha? Dette har blitt ei verkeleg søt historie om å bli stor og få ansvar, og så blir det likevel litt for mykje å halde styr på. Teksten er knapp, men særs utrykksfull, og teikningane grip fatt i det ein les mellom linjene. Illustrasjonane, som er utførte i blyantfargar, kommenterer og utfyller teksten og får fram dei heilt sentrale poenga i forteljinga med sikker hand. Dette har blitt ei heilstøpt biletbok om eit tema som heilt sikkert mange vil kjenne seg att i.

 

Grytten, Frode: Gabba, gabba hey! (15 eks.) Knut vil ikkje på tivoli, han liker ikkje tivoli. Men far hans elskar tivoli og det einaste som står i hovudet til faren er tivoli, som og seier Gabba Gabba Hey. Dette er ei forteljing for fedrar og søner, tivolielskarar og tivolihatarar. Nynorsk tekst. Billedbok for førskolebarn/småskoletrinnet.

 

Hansen, Atle: Det kvite pulveret (30 eks.) Anders bur på ei lita øy ute i havgapet. Ein varm sommardag finn han ein svart pakke nede i fjæra. Pakka gøymer han på ein hemmeleg stad så han kan studere innhaldet i fred og ro, trur han. Men han er ikkje åleine i fjæra, ein mørkledd mann ser alt han gjør. Det som Anders trudde skulle bli ein kjedelege sommar saman med dei tre vennene sine, blir i staden meir spennande og dramatisk enn han hadde håpt på når ein livsfarleg smuglarliga kjem til øya. Nynorsk tekst. Spenning for mellom-/ungdomstrinnet.

 

Hansen, Atle: Fangar i natta (30 eks.) Martin, Anna, Anders og Steinar får ein ny sak å hanskast med når Martin ein morgon kjem ned til jolla si og ser at påhengsmotoren er borte. Fleire motorar er stole i båthamna. Samstundes er Anna i skogen, og kjem fram til eit hus der det ikkje har budd folk på mange år. Folk seier at det spøkjer der. Brått dukkar det opp ein mann i døra som Anna aldri har sett før. Dei fire barna på den lille øya i havgapet er i stor fare når dei avslører ein aust-europearbande som stel påhengsmotorar. Spenning for mellom-/ungdomstrinnet.

 

 Heine, Helme: Venner (15 eks.) Hans Hanekam, Jonni Pip og tjukke Valdemar er dei beste venner og bur saman på ein gard. Ei fin bok om verkelege venner, som hentar sykkelen sin og syklar ut i morgonen og opplever mange ting  saman. Biletbok

  

Hof, Marjolijn: Ein liten sjanse (15 eks.) 10 år gamle Kikki har ein legefar som fartar verda rundt for å trø til der det trengst, og Kikki er redd for at han skal døy ute i felten. Begge foreldra seier at det er ein veldig liten sjanse for at noko skjer. For å gjere den vesle sjansen endå mindre, tenkjer Kikki ut korleis ho kan gjere det statistisk usannsynleg at faren døyr. Derfor skaffar ho seg ei mus som kan døy, og håper at den gamle stinkande hunden heime trekkjer sitt siste sukk. Men det er lettare sagt enn gjort. Dette er ei humoristisk bok om å vere redd for å miste nokon ein er glad i. Nynorsk tekst. Forteljing for småskole-/mellomtrinnet.

 

Kaaberbøl, Lene: Skammarens dotter (bok 1, 33 eks. + lydbok) Ungdomsserie. Skammaren er ein serie fantasy-bøker retta mot 9–12 år gamle jenter. Bøkene har hatt stor suksess i fleire land. Hovudpersonen er den 11 år gamle Dina, som er dotter til Skammaren og har arva same gåva som mora har: Når ho ser nokon i auga, er dei tvinga til å fortelje heile sanninga. Blikket gir makt, men det er også ei farleg gåve. Forbrytarar fryktar ho, og mange ønskjer å utnytte ho. Forfattaren Lene Kaaberbøl blei i 2002 kåra til beste Disney-forfattar for W.I.T.C.H.-serien, og er nå nominert til den velrenommerte Marsh-prisen for Skammarserien.

 

Lindgren, Barbro: Det vesle lokomotivet Rosa (15 eks.) Dette er historia om om bullterrieren Rosa; om korleis ho gjer sitt inntog og temmeleg snart slit ut damemennesket sitt. Aldri har ein bullterrier vore illustrert finare!

   

Røssland, Tor Arve: Svarte-Mathilda (Bok 1, 30 eks.) Ei ung jente blir funnen knivdrepen i heimen sin. Mordet blir aldri oppklart. Leilegheita som var åstaden for mordet, står tom i 20 år. Når Elisabeth flyttar inn, byrjar ho å grave i historia til drapet, med god hjelp av den nye klassekameraten Philip og bibliotekaren Viggo. Dei kjem over legenda om den demoniske Svarte Mathilda, som gøymer seg i ein spegel, og som kjem dersom du kallar på henne. "Svarte-Mathilda er en ungdomsbok, men er spooky nok for voksne, og eg kan godt sjå for meg at dette kunne ha blitt en film. Den er velskrevet, underholdende og grøsselig god proppet med spenning fra første side."

 

Røssland, Tor Arve: Svarte-Mathilda II (Bok 2, 15 eks.) Den første boka om Svarte-Mathilda blei nominert til Uprisen og har blitt ein favoritt i skulebiblioteka. No kjem bok nummer to om Elisabeth og den demoniske Svarte-Mathilda, som gøymer seg i ein spegel. Etter dei fryktelege opplevingane i første bok, gler Elisabeth seg denne gongen til nokre veker på språkskule i Italia. Ho og venninna Gry blir innlosjert i eit herskapshus i utkanten av Verona, men anar fort at ikkje alt er som det skal vere i familien dei bur hos. Kvifor oppfører dei seg så rart? Og kva betyr den mystiske meldinga frå bibliotekaren Viggo? Har han funne ut meir om Philip si forsvinning? Parallelt med denne historia blir vi endå ein gong tatt med tilbake til Hardanger på 1800-talet, til garden Langetun der legenda om Svarte-Mathilda har sine røter.

 

Sande, Hans: Arkimedes og brødskiva (16 eks.) Evreka fortel her om faren sin, som ligg i badekaret og drøymer om å bli opfinnar. Etter ein samtale mellom far og dotter, prøver Evreka sjølv eit eksperiment. Det inneber ei luftreise for katten Arkimedes. Pappa blir sjokkert over resultatet, og Evreka må vera endå meir oppfinnsam for å kurere han. Ein humoristisk tekst glid i denne boka inn i ei frodig biletverd, der huset blir som ei scene for både mentale og fysiske krumspring. Kvardagslege gjenstandar og former deltek i eit spennande samspel med kvarandre og med teksten. Biletbok

 

Sande, Jakob: Gåsa, katten og hanen (15 eks.) I 2006 ville Jakob Sande har fylt 100 år, og den illustrerte biletboka markerer dette. Fabelen stammar frå den norske kulturarven vår og fortel om gåsa, katten og hanen som vil ut i verda og freiste lukka. Dei dreg frå bondebygda i Norge og havnar hjå kongen i København. Der synar dei fram kunstene sine og får ærefulle oppdrag: Gåsa vert overkokke, katten vert kongeleg musefangar medan hanen skal vekke kongen presis klokka sju. I boka får dei ti versa kvart sitt oppslag. Bak i boka er noter med alle dei ti versa. Har fargerike heilsidesillustrasjonar. Nynorsk tekst. Biletbok for førskolebarn/småskoletrinnet.

 

Stai, Kari: Jakob og Neikob (15 eks.) Jakob og Neikob er gode venner som bur i lag, sjølv om dei er svært forskjellige. Jakob er den som alltid seier JA til alt, medan Neikob seier NEI til alt. Trass i det bur dei saman. Jakob undrar seg over korleis i all verda han skal få lurt Neikob med på ein biltur når han alltid seier nei. Dette er ei humoristisk og surrealistisk forteljing om vennskap, uvennskap og utlandet. Illustrasjonane er laga i ein retroaktig stil. Nynorsk tekst. Billedbok for førskolebarn.

 

Stai, Kari: Jakob og Neikob – Tjuven slår tilbake (15 eks.) Jakob seier alltid JA til alt, og Neikob seier alltid NEI. Men tjuven som har rømt frå fengselet bryr seg verken om JA eller NEI. Når Jakob og Neikob tar opp jakta på tjuven blir dei lurte begge to, og Jakob må sitje i fengsel for første gong. Dette er ei humoristisk og surrealistisk forteljing om vennskap, og om å lære at av og til må ein seie NEI. Illustrasjonane er laga i ein retroaktig stil. Billedbok for førskolebarn.

 

Sunne, Linn T.: Happy (30 eks.) Mo og faren flyttar til ein ny stad fordi faren har fått ny jobb i kommunen. Boka startar med Mos første dag på den nye skulen, i 8. klasse. Det er ikkje berre greit å vere ny, Mo blir bombardert med spørsmål frå nyfikne elevar og lærarar. Men Mo er godt førebudd og svarer så godt ho kan, især likar ho å fortelje om den fråverande mora som er motefotograf i New York. I byrjinga av boka får ein inntrykk av at Mo og faren har ein lett og optimistisk tone seg imellom, men litt etter litt slår det vellykka bilete sprekkar. Medelevane skjønar etter kvart at Mo lyg og etter som Mos historie blir avslørt, blir ho utstøyt av dei andre og må starte på botnen av. Dette er ei forteljing om å vere ny i klassen, om å lyge og ha pokerfjes som sprekk. Roman for mellom-/ungdomstrinnet

 

Åkerblom, Gull: Pizza med skinke og sjampinjong (30 eks.) Moa har kjent Samuel heilt sia barnehagen, og trur at ho veit akkurat korleis han er: den mest bråkete guten i klassen, og ein racer til å kjøre skateboard. Men denne fredagen - når ho skal gå på ungdomsskoledisco for første gong, men må sitte barnevakt i staden, ringer Samuel på døra. Han har med pizza for å trøyste henne. Kven skulle tru det om han? Når han vil lære henne å kjøre skateboard seier ho ja. Første boka om Moa og Samuel.

Google+