Hva leter du etter?

Aasmund Olavsson Vinje: Den tilfeldige fotturist

I 2018 er det 200 år sidan Aasmund Olansson Vinje vart fødd, og Vinje vert ein naturleg del av Kapittel-festivalen i 2018. 2010-utgåva av Ferdaminne frå sumaren 1860 rekk diverre ikkje ut handa til den som vil prøve seg på ein norsk klassikar.

Av våre store 1800-talsdiktarar er Vinje ein av dei vanskelegaste å få tak på. Ein forfattar som avsluttar reiseskildringa si frå Noreg på denne måten, vil aldri kunne bli ein like elska forfattar som Bjørnson, Lie, Asbjørnsen og Moe:

"Ja, dette landet, desse fjelldalane," sa ein mann til meg. "ja, dette landet! Det er eit land for englar."
"Ja så," svara eg, "det må då vera for det at englane ikkje ét noko."
"Hm!" var han ... "nei, vi har visst nok ikkje alt det kornet som Danmark, men ..."
"Men," la eg svint til, "men vi har karar som kan eta korn."

Folk med eit gjennomsnittleg forhold til norskpensumet har truleg eit skeivt bilete av diktinga hans. Det er to dikt av Vinje som dei fleste kan minst fyrste linja av, fordi dei er blitt til folkekjære songar: Blåmann, Blåmann bukken min og No ser eg atter slike fjell og dalar (Ved Rondane). Begge er kjenslefylte fyrstepersonskildringar frå bygde-Noreg, Blåmann i mikroperspektiv (gut engsteleg fordi bukken er forsvunnen), i Ved Rondane er det heile fjellheimen som sveivar i gong minnene hos diktaren.

Ingen nasjonalromantisk høgsong

Ved Rondane er henta frå Ferdaminne frå sumaren 1860. Diktet er eit utypisk innslag i boka. Ferdaminne er ikkje den nasjonalromantiske høgsongen ein kunne venta av ein Telemark-forfattar som traskar gjennom landet i 1860. Vinje kom frå Telemark, men budde vaksenlivet i Kristiania. Han opnar boka med å prise jarnbanen og hovudstaden.

Ferdaminne frå sumaren 1860 av Aasmund Olavsson Vinje forside

Ferdaminne vart distribuert til lesarane av bladet Dølen, der Vinje var redaktør. Spora frå Vinje sin sjølvsentrerte, lett respektlause, fabulerande stil er lett å finne att hjå dagens reiseforfattarar.

Opp gjennom Austlandet sit karakteristikkane av folk og plassar laust. Mest begeistra vert Vinje då han tek ein sving innom Sverige, og held dei for å vere hakket meir siviliserte enn nordmennene.

Kvende?

Vinje brukte tog, båt og bein for å ta seg frå Kristiania til Trondheim i 1860 for å skrive om kroninga av kong Karl XV. Reiseskildring er ein urgammal litterær sjanger (Odyséen er frå minst 500 f.Kr.). Vinje dreg som ein kameleon gjennom landet, og får innpass i tronge fjellstover og i maktsirklane i Trondheim. Akkurat kven han snakkar med og kor han går, heftar han ikkje lesaren med.

Ferdaminne vart utgjeven på ny i 2010, 150 år etter at Vinje tok turen.

For meg er det uforståeleg at Samlaget brukte 1938-rettskrivingsmalen i denne utgjevinga. Ferdaminne er i utgangspunktet ei tung leseøkt, fordi Vinje tek så mange krumspring og skriv med finstilt ironi. Då kunne forlaget ha oppgradert til vår tids nynorsk for å hjelpe lesaren på glid. Å skrive gjentakvende og Sverike i staden for jentakvinne og Sverige, er etter mi meining berre irriterande, det tilfører ingenting av kunstnerisk verdi. I staden gjer det ein så frisk forfattar som Vinje meir treig enn han fortener.

Vinje bok er vanskeleg å lese også fordi han skriv om ei heilt anna tid. Det er ei skildring av eit førmoderne Noreg. Vinjes meiningar om korleis det rurale Noreg ordnar seg, gjekk til dels over hovudet på meg. Samtidsaktuell litteratur, og ikkje minst samtidssatire, vert fort utdatert. Leit deg fram til eit gammalt opptak av Hallo i uken og tel kor mange gonger du ler.

Lån Ferdaminne frå sumaren 1860 på Sølvberget. Jon Severud skreiv i 2010 Ei gjenreise, som er ei lærd og sprudlande reiseskildring i Vinjes fotspor. Les ho gjerne før du les Vinjes bok.

Ein veit ikkje nøyaktig korleis Vinje si reiserute var. I grove trekk tok han denne vegen:

Beklager, nå stoppet det litt opp her på nettsiden. Last inn siden på nytt, er du grei 🗙