Hva leter du etter?

Agnes Ravatn, "Operasjon sjølvdisiplin": Ta kontroll over tida di

Agnes Ravatn si sjølvhjelpsbok får deg til å straks legge vekk smartmobilen og forbanne alle timane du kasta vekk på fjas.

Operasjon sjølvdisiplin er boka for deg som alltid ser på minst ein skjerm, samtidig som oppmerksemda di flaksar rundt som ein sommarfugl.

Rask lykke

Agnes Ravatn veit kva ho snakkar om. Ho har sjølv vore "ein kronisk e-postsjekkande, mobilklåande utsetjar i mange herrens år, utan impulskontroll eller sjølvrespekt, og dagleg gått til sengs med ein stor, svart klump i magen, ulykkeleg over min eigen vanlagnad". I motsetning til andre omvendte er ikkje Ravatn fordømmande overfor dei som slit med hennar gamle laster. Ho er ein vittig, raus og sjølvironisk guide på vegen mot betre vanar.

Sosiale medium som Facebook, Twitter og Instagram er lissepasningar til den korttenkande delen av hjernen vår. Agnes Ravatn viser korleis trongen til rask gevinst ligg djupt i oss, frå den tida då vi ikkje hadde grunn til å tenke lenger enn til neste måltid. Tok vi ikkje maten som dukka opp på vår veg, kunne det bli vår død. Trongen til å sjekke mobiltelefonen handlar om mykje av dei same mekanismane, nemleg utsiktene til eit kick her og no. Mennesket er grunnleggande dårleg til å tenke langsiktig.

Impulskontroll er alt

Operasjon sjølvdisiplin fortel korleis du kan bryte sirkelen av endelaus mobilbruk og utsetjing av ubehagelege arbeidsoppgåver, om korleis du kan velje bort kortsiktige gleder til fordel for eit mål langt borte i horisonten. Boka har korte, enkle råd som ikkje er vanskelege å gjennomføre: Dei handlar stort sett om impulskontroll.

Målet på om ei sjølvhjelpsbok er god, er om ho triggar forandring hos lesaren. Den ettermiddagen eg las ferdig Ravatn si bok, la eg mobiltelefonen resolutt i bokhylla. Rett nok måtte eg ta han fram eit par gonger, men til det eg såg på som legitime formål: Dottera mi brukte telefonen til utviklande mattespel, og eg måtte oppdatere iCloud-kalenderen min med det siste innan foreldremøte/handballturneringar/
jobbreiser/familietreff/fyll på her.

Men den formålslause facebookinga klarte eg å halde meg unna. Seks av åtte gjeremål for kvelden - ført i liste på papir - vart gjennomført. At eg avslutta dagen med to og ein halv episode av "Girls" i staden for å få unna dei to siste punkta, set eg på kontoen for godkjent unnasluntring.

30 punkt som gjev deg kontrollen tilbake

Operasjon sjølvdisiplin sluttar med 30 punkt som du kan adoptere her og no. Dei tre første er slik:

  1. 10-minuttsregelen: Legg inn ti minutts venting på alle freistingar som dukkar opp. Ventetida kjølar ned systemet ditt, og kanskje viser det seg at du i mellomtida klarer å stå imot freistinga.

  2. 20-sekundsregelen: Skap fysisk distanse mellom deg og det som freistar. Legg fjernkontrollen til tv på badet, legg sjokoladen på loftet.

  3. Ikkje ha freistingar i huset. Fleire freistingar betyr fleire nederlag.

Nysgjerrig på resten? Lån boka på Sølvberget.

Agnes Ravatn:
Operasjon sjølvdisiplin
Samlaget 2014

Beklager, nå stoppet det litt opp her på nettsiden. Last inn siden på nytt, er du grei 🗙