Hopp til hovedinnhold

Ei reise til Argentina

Maiplassen, Buenos Aires.  Foto:  Eli Seim

BOK: Det hadde seg slik at eg skulle feira påsken i Argentina, nærare bestemt i Buenos Aires. Det slo meg nokså fort etter at billettane var tinga at eg måtte utvida horisonten. 

Kunnskapsnivået om Argentina er ikkje svært høgt når musikalen Evita og ein gammal Che Guevara-plakat er det første bildet som dukkar opp på netthinna. Og inni øyra surra det tango-tonar frå Evert Taube om Fritjof og Carmencita. Her trongs vaksenopplæring!  

- og kva er vel meir naturleg enn å søkja hjelp i biblioteket? Det kan jo ikkje bli enklare når eg likevel er der kvar dag. Her er litt av det eg fann i musikk-, film- og bokhyllene på Sølvberget. (Klikk på titlane hvis du vil låna dei - og sjå kva meir du kan finna i høgremargen) Eg byrja med film for å kjenna litt på argentinsk atmosfære. Tilfeldigvis fann eg to filmar som gav eit svært mangfoldig bilde av menneska i dette store landet på motsett side av verda. Den eine var ein søt, (men ikkje søtladen), film om starten på eit venskap, og den andre: hevn, hevn hevn! Begge har fått fleire prisar og god kritikk, og eg stiller meg i køen av tilhengjarar til begge to.

På veien til Buenos aires

Kan ein roadmovie vera langsam? Ja, På veien til Buenos Aires  (2011) skildrar ein biltur frå Paraguay til Buenos Aires. Lastebilsjåføren Ruben har sagt ja til å ta med Jacinta som skal samme vegen, men det passar han dårleg at ho også har eit lite barn med. Omtrent heile handlinga går føre seg inne i styrehuset og etterkvart som dei legg kilometrane bak seg, blir dei nysgjerrige på kvarandre og eit gryande venskap oppstår. Den som forventar seg action og spenning, må ikkje sjå denne filmen. Det er å sjå korleis to menneske gradvis opnar seg for kvarandre som gjer denne filmen så fin.

Wild tales  er sett saman av seks novellefilmar med samme tema: hevn. Her er det macho-men og kvinner med klør så det held ei stund. Svart humor, nesten for mykje av det gode, eller kanskje eg skulle sagt det vonde. Det var smikkløye, men for min del var det etter å ha sett denne filmen så å sei utelukka å køyra bil i Argentina, i alle fall å køyra fort forbi nokon. Å ta imot ein bryllupsinvitasjon i Argentina vil eg heller ikkje gjera utan ein porsjon skepsis.

 

To argentinarar som har sett spor etter seg: Eva Peron & Che Guevara

Historia om Eva f. Duarte i 1919 er litt av ei askepotthistorie. Ho vart fødd utanfor ekteskap og drog åleine til storbyen Buenos Aires som 15-åring. Der jobba ho seg opp og fram i underhaldingsbrasjen og var blitt kjendis då ho møtte Juan Peron for i 1944. Dei gifte seg og saman sto dei for politiske endringar og ho vart ei heltinne for arbeidarklassen. Ho døyr seks år seinare, berre 33 år gammal og fekk nesten ein slags helgenstatus. Og som om ikkje det er nok, vart liket av henne "bortført" etter Perons fall i 1955. Dette må det jo bli både musikal, film og bøker av.

Historikaren Tomàs Eloy Martinez har i romanen Santa Evita  fortalt historia om det "omreisande" liket av Eva Peron. I 1955 fall Peron for eit militærkupp og dei nye makthavarane fjerna liket av frykt for at det skulle bli eit symbol i motstanden mot regimet. Kista vart frakta til ulike stader i verda før ho endeleg vart returnert til Buenos Aires 20 år seinare (då var ho endeleg god nok for Duartefamilien og vart gravlagt på deira familiegrav). Forfattaren har i romanen også fletta forteljinga om Evitas liv, basert på historiske kjelder. Den utrulege, men sanne historia er både spennande og underhaldande.

Evita  (Andrew Lloyd-Webber &Tim Rice) er musikalen om Eva Peron har gått på mange scenar i verda, og er også filmatisert med Madonna i rolla som Evita. Ein muskial gjev sjølvsagt berre eit lite glimt av eit liv, men eg vil tru at mange som har sett den, har fatta interesse for denne spesielle kvinna Eva Duarte må ha vore for å ha nådd den posisjonen ho fekk. Musikken og dansescenane er strålande.

I musikalen om Evita er det ein kommentatorskikkelse som er kalla Che. Dette er ein fiktiv figur og må ikkje forvekslast med Ernesto 

Guevara: Motorsykkeldagbøkene

"Che" Guevara. Che Guevara er i motsetning til Evita fødd og oppvaksen i ein rik familie, men blir revolusjonær og kom til å spela ei viktig rolle mellom anna på Cuba. Til felles med Evita fekk døydde han ung og fekk ein heltestatus for mange opprørsrørsler over heile Latin-Amerika. Den politiske oppvakninga skildra han i dagbøker på ein lang motorsykkeltur i store delar av Sør-Amerika på byrjinga av 50-talet. Han var då nettopp ferdig med utdanning som lege. På reisa såg han den urettvise handsaminga mange urfolk leid under, og den store skilnaden på fattig og rik. Motorsykkeldagbøkene er seinare utgjevne, og også filmatisert

Argentinas nære, men mørke fortid: militærkupp, desaparecidos og mødre på Mai-plassen

Fakta: 24.mars i 1976 var det eit militærkupp i Argentina og Videla vart innsett som president. I løpet av 13 år forsvann over 30.000 personar og organisasjonen Mødrene på Maiplassen arbeider framleis med å oppklara desse sakene. 

I dei siste par åra er det komme to romanar på norsk med desse hendingane som bakteppe. Begge desse bøkene kan du også finna i ebokbib 

Hélène Grémillon: Mysteriet Lisandra P.  Ei ung kvinne blir drepen og mannen, ein kjend psykoanalytikar, blir sikta for mordet og fengsla. Ein av pasientane hans får tilgang til lydopptak av konsultasjonane til pasientane hans og gjennom desse prøver ho å finna den skuldige. Sjølv har ho mista ei dotter under militærdiktaturet i 1976-83, og dette kastar skugge over både hennar eige og sonen hennar sitt liv. Boka kan definerast som ein psykologisk krimroman, og gjev ei viss innsikt i hendingane under diktaturet.

 

       

Caryl Ferey: Mapuche . Forfattaren er utanriksjournalist og har fått gode omtalar og fleire prisar prisar for bøkene sine. Han viser eit sterkt samfunnsengasjement i denne boka. Som lesar får du eit rystande bilete av både diktaturtida og tilstanden i det noverande Argentina. To unge blir funne myrda i Buenos Aires og det viser seg at det kan vera ein forbindelse mellom dei to. Jana er mapuche, billedkunstnar og kjenner det eine offeret. Ruben er privatdetektiv og er spesielt engasjert i desaparecidos (dei forsvunne) fordi han har mista far sin og systera under militærregimet. Mora hans er ein av mødrene på Maiplassen. Ruben og Jana slår seg saman og jobbar med denne saka. Skildringane er sterke, det er mykje vald, men spekulativt er det heldigvis ikkje. Det var sterkt å lesa denne boka etter å ha vore på mange av dei stadene han skildrar.

I bokhylla heime hadde eg faktisk ei bok av ein argentinsk forfattar, Edderkoppkvinnens kyss av Manuel Puig. Kjøpt i 1982, då eg fylgde eit kurs latinamerikansk litteratur på bibliotekutdanninga. Då var boka heilt ny og heilt anleis enn det me hittil hadde lært om latinamerikansk litteratur; den magiske realismen. Kort resyme: Molina, fengsla fordi han er homofil, og Valentin, ein politisk fange, deler fengselscelle. Dei har ingenting til felles, men for å få tida til å gå, gjenfortel Molina filmar han har sett. Fengselsdirektøren ber Molina om å mjølka Valentin for opplysningar om den politiske gruppa han tilhøyrer, og det blir etterkvart vanskeleg for han fordi dei to blir venner og får meir respekt for kvarandre. Romanen skildrar undertrykking av ulike grupper og haldningar i samfunnet. Den gjorde eit sterkt inntrykk og det er få bøker eg har lese eg hugsar så godt som denne. Eg trengde likevel ei oppfrisking og valde å sjå filmen frå 1985 med samme namn. Ei fantastisk filmatiserting av Hector Babenco, med William Hurt og Raul Julia i hovudrollane. Finn bok og film

Musikk

Ingenting er vel meir argentinsk enn tango (det må vel i så fall vera fotball). Tango er ikkje berre ein dans, men også ein stor songtradisjon i Argentina og Carlos Gardel er kanskje den største av dei alle. Astor Piazzolla er den andre store tangoartisten. Trekkspelet er instrumentet hans, og han er rekna som ein fornyar av tango-tradisjonen. Til høgre kan du klikka deg inn på det me har om Gardel og Piazzola

   

 

Taube: Flyg till Pampas
Magnus:  Sommerfuglene

Me må heller ikkje gløyma Evert Taubes Fritjof og Carmencita. Den svenske trubaturen var fleire gonger i Argentina og her henta han mykje inspirasjon til visene sine. Den tredje gongen reiste han med fly. Denne reisa skildrar han i Flyg til Pampas som fins i Sølvbergets magasin, og det er fornøyeleg lesnad. Har du lyst å høyra meir om henne som var modellen for Carmencita, må du lesa denne boka! Også den norske journalisten Jon Magnus har vore så nysgjerrig på Carmencita. I boka Sommerfuglene i Armero beskriv han møtet med henne. Det er også fornøyeleg, mannen hennar var enno sjalu på Fritjof Andersson/Evert Taube

 

I etterkant av reisa vart eg sugen på meir, og no har eg ei bunke på nattbordet som eg håpar på å få lese i løpet av hausten. Kanskje kjem det fleire boktips.

Google+