Hopp til hovedinnhold

Elena Ferrante og andre historier frå Napoli

Frå omslaget til "Historia om det tapte barnet"

Kvifor har Elena Ferrante blitt så populær? 

The story of the lost child

Elena Ferrante fekk sitt internasjonale gjennombrot med dei fire bøkene om to venninner frå Napoli. Den fyrste, Mi briljante venninne, kom på italiensk i 2011. Samlaget gjev dei ut på norsk, og den siste kom i norsk utgåve hausten 2016. (Vi har Napoli-bøkene på norsk og engelsk, og som lydbøker på begge språka.) Vinteren 2017 kom Svikne dagar , som ikkje er ein del av Napoli-kvartetten, men hausta minst like god kritikk .

Elena Ferrante er eit pseudonym, som har fått mange til å spekulere i kven som skjuler seg bak namnet. Historieprofessor Marcella Marmo og forfattar Anita Raja er to av forslaga.

Dei fire bøkene i Napolikvartetten har engasjert millionar av lesarar over heile verda. Kvifor?

The Telegraph skriv dette:

"The Neapolitan Novels are not composed of perfect sentences – in fact, they can tilt towards the trashy – but there is a magical vividness to the memories evoked, something daring about the twinned fear and admiration of violence, and a sensory perception of mental states that is much stranger than it seems at first. More broadly, they take in the history of Italy in the 20th century, the struggle of women against male regimes, and the gritty crucible of a specific southern Italian working-class environment. They are at once great social novels and strangely intimate."

I september 2016 var omsetjar Kristin Sørsdal gjest på Kapittel-festivalen. Høyr podcasten om hennar arbeid med bøkene, i samtale med Morgenbladets kritikar Bernhard Ellefsen.

 

Sølvbergets Kirsten Myklebust er truleg Stavangers mest dedikerte Ferrante-lesar. Kvifor har ho har blitt oppslukt av Elena Ferrantes verd? Tone Veen har lese bøkene på italiensk. Høyr podcasten med dei to:

Sør-Italia er meir enn Elena Ferrante. Klikk på titlane for å låne bøkene og filmane:

Skjønnlitteratur:

Sakprosa:

Filmar:

 

 
 

Fleire podcastar frå Sølvberget:

 
Google+