Hopp til hovedinnhold
Min side

Metabøker: bøker om bøker

Metabøker: bøker om bøker

23. april er det Verdas bokdag, og i høve den har eg funne og lese ein liten haug med metabøker.

For kva er vel betre enn å dykke ned i ei bok der ein kan lese om litteratur, gode og rare bøker, om magiske bibliotek og ein bokbåt eller kanskje om ein særeigen bokbutikk? Under kan de sjå ei liste med slike bøker der det er noko for alle og ein kvar, både for liten og for stor.

NB: Både på Madla bibliotek og Sølvberget sel vi brukte bibliotekbøker for ein billeg penge i samband med Verdas bokdag. Bøker kr. 10, fyll ein pose for 30 kroner. Salet på Madla har starta, på Sølvberget startar det laurdag 22. april.

 

Klikk på titlane for å låne bøkene om bøker.

Barn

Vi er i en bok

Fyrste anbefaling er den lettlesne bileteboka «Vi er i en bok» av Mo Willems . Boka er ei av bøkene i serien om elefanten Gerhard og grisen Gisse, to gode vener der den eine er ei litt nervøs sjel medan den andre er optimisten sjølv. Boka oppfordrar til interaksjon med lesaren, og den passar perfekt til høgtlesing. 

Det er en bok

«Det er en bok», ei biletebok av Lane Smith , er også perfekt til å lese høgt. Boka er morosam og underfundig der forskjellen mellom den digitale og den analoge tidsalderen blir veldig synleg når eselet spør den leseglade apa om den (boka) treng brukarnamn eller passord, om ein kan blogge med den og korleis ein scrollar med ho. Apa svarer heile vegen «Nei. Det er en bok». Boka inneheld fine illustrasjonar og lite tekst, så den kan også funke for den som nettopp har lært seg å lese sjølv.

Ungdom

Sofies verden

Ein klassikar som dei fleste nok kjenner til, er ungdomsromanen «Sofies verden» . Boka er skriven av Jostein Gaarder, og ho er, sidan boka blei gitt ut i 1991, omsett til 64 språk, har selt over 50 millionar eksemplar. «Sofies verden» er filmatisert, og det er til og med laga ein musikal basert på boka. Undertittelen på boka er «roman om filosofiens historie», og med det må eg vel innrømme at boka handlar meir om nettopp historie og filosofi enn om bøker. Men boka er ein metatekst der Sofie og Alberto, dei to som fungerer som hovudpersonane i boka, plutseleg oppdagar at dei eksisterer berre som figurar, utan at eg vil røpe noko meir av handlinga for dykk som enno ikkje har lese boka.

Bibbi Bokkens magiske bibliotek

«Bibbi Bokkens magiske bibliotek» av Jostein Gaarder og Klaus Hagerup  blei skriven på bestilling til bokåret 1993. Nils og Berit er søskenbarn som etter ein sommar saman byrjar å skrive i ei brevbok som dei sender fram og tilbake mellom bokbyen Fjærland og hovudstaden Oslo. Dei får teften av eit magisk bibliotek og ei dame som bokstaveleg talt siklar når ho ser bøker.

Fleire merkelege og skumle skikkelsar dukkar opp, og det heile er eit ordentleg mysterium. Kven er desse folka, kvifor vil dei ha tak i brevboka og finst det i det heile tatt eit magisk bibliotek?

Vaksen

Det litterære apotek

Om ein heller vil lese om ei reise for livet, både biletleg og bokstaveleg, er «Det litterære apotek» av Nina George boka for deg. Bokhandlaren Jean Perdu eig ein bokbåt der han alltid har ei bok på lager som kan kurere ein kvar persons sorger og lidingar, men ikkje til seg sjølv. Jean Perdu sørgjer fortsatt over tapet Manon, hans store kjærleik. Manon la igjen eit brev som Jean ikkje har tort å opne, ikkje før denne sommaren. Han bestemmer seg for å leggje ut på tur i bokbåten, og med seg på turen har han to kattar, Kafka og Lindgren, og ein forfattar av ein bestseljar som ikkje klarer å komme i gong med bok nummer to. «Det litterære apotek» er ei herleg bok om kjærleik, venskap og om ein tur om bord i ein unik bokbåt.

Leserne i Broken Wheel anbefaler

I «Leserne i Broken Wheel anbefaler», ein roman av Katarina Bivald , møter me to kvinner som brevveksler om bøker. Sara, ein tjueåtteåring frå Sverige, og Amy, ein sekstifemåring frå USA, brevvekslar i to år om litteratur og bøker før Sara reiser til Broken Wheel i Iowa for å besøke Amy. Då ho kjem dit, får ho vite at Amy ikkje lever lenger. Plutseleg har Sara arva eit hus og ein stor haug med bøker. Ho finn ut at ho vil starte ein bokbutikk med Amys bøker, for å få resten av den lille bygda til å lese.

Sara har ikkje arbeidsløyve og ho kjenner ingen, men dette prosjektet er ho fast bestemt på. Etter kvart blir bygdefolket vande med å ha Sara der, og når turistvisumet er i ferd med å gå ut, byrjar ein noko sprø idé å ta form. «Leserne i Broken Wheel anbefaler» er det ein fint kan kalle ein feelgoodroman om kjærleik til både folk og bøker, forviklingar og morosame situasjonar.

Dewey bibliotekskatten

Ei bok som er basert på ei sann historie, er «Dewey – bibliotekskatten som erobret småbyen og tok en hel verden med storm», skriven av Vicky Myron. Dewey blei funnen i returkassen for bøker ved Spencer bibliotek i byen Iowa då han berre var ein liten kattunge. I heile 19 år budde han inne på biblioteket, og boka er fyrst og fremst ei bok om Dewey sitt liv blant alle menneska som kom til å bety noko for Dewey sitt liv. Eller omvendt: som Dewey kom til å bety noko for.

Dewey blei raskt ein kjent figur, og folk frå heile landet, ja, til og med frå andre land, kom for å treffe denne heilt spesielle katten. Han spreidde glede til dei som jobba ved biblioteket med alle sine krumspring i bokhyllene og alltid på evig jakt etter ein gummistrikk eller tre. Han trøysta både gjester og ansatte då dei hadde ein dårleg dag, og han kunne fint leggje seg til rette på eit fang der han kunne liggje lenge i fred og ro. Det er kanskje litt drygt å påstå at denne romanen er ein rein metatekst, men den foregår jo for det meste ved Spencer offentlege bibliotek, og på den måten så passar den inn i temaet. Historia er for alle som vil lese om eit heilt vanleg bibliotek som litt etter litt blir til noko heilt eige, om ein unik katt og om eit spesielt venskap.

Herr Fikrys

«Herr Fikrys litterære liv», ein roman av Gabrielle Zevin , er den neste på lista. Etter at Fikry mister kona si, er det lite igjen av gnisten hans. Han eig ein bokhandel ute på ei øy nordaust for New York, men no er han ulukkeleg og butikken har tapt seg. Fikry trekk seg meir og meir tilbake, og dei andre på øya ristar på hovudet; dei veit ikkje kva dei kan gjere for sin gode bokhandlar. A.J. har ei bok, ei verdifull førsteutgåve av Edgar Allen Poe si debutbok, og den er hans einaste håp om å kunne flytte frå øya og starte på nytt ein annan stad. Då han plutseleg ein morgon vaknar opp og oppdagar at den verdifulle boka er borte, forsvinn det lille håpet han hadde.

Like plutseleg finn han ei lita jente i barnebokavdelinga. Ved sidan av ho ligg det eit brev der det står at jenta er to år og at ho heiter Maya. Mora har etterlate henne på ein stad der ho veit at nokon kan passe på Maya, nemleg hos nokon som elskar bøker, og ho ber herr Fikry om å ta vare på Maya. Dette snur opp ned på det grå tilveret til A.J. Maya veks opp mellom boksidene. Det kjem endå ei ny kvinne inn i Fikrys liv, og romanen er verkeleg ei kjærleikshistorie til bøker. Innimellom får ein små smakebitar og anekdotar om A.J.Fikrys yndlingsnoveller, der til dømes Roald Dahl er nemnt tre gongar. Boka fekk terningkast 6 i VG då ho blei gitt ut for tre år sidan.

Hr. Penumbras døgnåpne bokhandel

«Fantasy for Google-generasjonen» og «En kjærlighetserklæring til boken». Dette er det som står på coveret til fantasiromanen «Hr. Penumbras døgnåpne bokhandel», skriven av Robin Sloan . Sjølv om eg ofte synest at det som står på coveret fort kan verke klisjéaktig, må eg denne gongen seie meg einig. For romanen er ei historie om ein hemmelig klubb, codex vitae, ein spesiell bokhandel, eit hemmelig bodskap, Google og ein kryptert tekst frå middelalderen. Clay Jannon byrjar å jobbe i ein døgnopen bokhandel, der han må føre loggbok over kundene. Han oppdagar snart at dette er noko meir enn ein vanleg bokhandel, og ikkje lenge etterpå er han på jakt etter å løyse sanninga til Den ubrukne bokrygg. Viss du liker fantasy med eit hint av Dan Brown, er dette garantert boka for deg.

The bookshoip

Florence Green, ei middelaldrande enke, bestemmer seg for å opne ein bokhandel i eit hus som seiast å vere heimsøkt i kystbyen Hardborough i Suffolk. Dette er premisset for boka «The Bookshop» av Penelope Fitzgerald . Florence møter mykje motgang i den lille bygda, men ho klarer å etablere ein bokhandel der salet går greitt det fyrste året før det etter kvart blir endå tøffare. «The Bookshop» er ein liten roman om det å starte ei bedrift sjølv om folk jobbar mot deg. For den ambisiøse og framståande Mrs. Gamart ønskjer at det skal vere eit kunstsenter i det gamle huset, og ho har nevøen sin med på laget. Boka er i tillegg aktuell i år sidan det kjem ei filmatisering av romanen med blant anna Bill Nighy og Emily Mortimer i hovudrollene.

84 Charing Cross Road

Til slutt kjem klassikaren «84, Charing Cross Road: To bokelskeres brevveksling» av Helene Hanff . Boka er, som undertittelen seier, ei brevveksling mellom to (og etter kvart fleire) personar som er over gjennomsnittet glad i bøker. Brevvekslinga byrja i 1949 då Hanff sende eit brev frå USA til antikvariatet Marks & Co i England for å spørje etter spesifikke bøker som ho sjølv ikkje fekk tak i. Frank Doel, innkjøpssjef i Marks & Co, klarte å finne dei bøkene Hanff spurde etter, og slik starta brevvekslinga som varte i nesten tjue år. Breva viser korleis eit venskap etter kvart veks fram, eit venskap der ein ser kor takksame folka er når Hanff sender pakkar med mat, sidan det framleis var matrasjonering etter krigen i England.

Boka syner også kvardagslivet på to forskjellige kontinent. Men fyrst og fremst får me ta del i ein stadig diskusjon om bøker. Alt frå Jane Austen til Platon blir nemnt, og boka er blitt både filmatisert og dramatisert. 

Google+