Hopp til hovedinnhold

Erlend Egeberg Aasland

Erlend Egeberg Aasland

Artisen som spiller det meste og spiller med de fleste. 

Fra  Rogalyd om Erlend Egeberg Aasland:

Han kjenner til en rekke stilarter, blant annet jazz/big band, latin/salsa, norsk folkemusikk, country og bluegrass. I tillegg til en rekke lokale band/prosjekter spiller han med Olav Larsen & the Alabama Rodeo Stars . Han har også bidratt som musiker og/eller arrangør på lokale plateproduksjoner. Som arrangør har Erlend levert en rekke arrangement for lokale storband, janitsjarkorps, brassband og mindre ensembler.

Vi kan bare anbefale alle til å sjekke ut hans siste prosjekt med sin kone Tale Egeberg Aasland. Bluebird's Ghost - Miniature Scenes of Sorrow er en liten perle av en plate for alle dere som liker bluegrass, folk, old time eller annen fjellmusikk fra USA.

Den suverene bloggen Dust of Daylight skriver dette om platen: "Til tross for Erlend Aaslands ubestridte kvaliteter som strengemester, her er det ikke instrumentene som er i fokus. Ei heller det viktiste. Melodiene, stemmene og stemningen er hovedpersoner – og den elegante produksjonen fremhever alle disse på akkurat riktig måte med utsøkt og respektfull instrumentering. Stemmen til Tale Aasland kan minne om det Vibeke Saugestad gjorde i Thinkerbell-prosjektet. Den er varm, kraftfull og lengtende, og med akkurat riktig dosering av tristhet til å gi den tyngde og troverdighet. "

erlend

Musikk kjenneren Erlend Egeberg Aasland har tipset oss om hvilke artister / plater fra Rogaland som har inspirert og fremdeles inspirerer han

Gunhild Seim

Gunhild har ein tame i harmoni og frasering som eg ofte saknar i musikk. Komposisjonane hennar, og hennar tilnærming til improvisasjon er kort sagt sjukt bra. Dette fokuset på det melodiske er noko eg stadig tenkjar på og prøver å ta med meg kvar gong eg spelar noko. Gunhild er innflyttar, men har hatt Stavanger som base for sitt virke så lenge at eg reknar ho for ein Stavanger-artist å vera.

Plate: Time Jungle

 

 

Didrik Ingvaldsen

Strengt tatt frå austlandet, men har utført sitt virke med base i Stavanger så og seie heile sitt yrkesaktive liv, så han må reknast for Stavanger-artist å vera. Didrik har blant anna lært meg å gi f i sjangergrenser, å gi f i kva andre meinar, å utfordra seg sjølv musikalsk, å utfordra andre musikalsk, samspel, å bruka humor i musikk. Ein slags Frank Zappa på trompet. Unik både som instrumentalist og komponist.

 Plate: Kva som helst som han har gitt ut, både solo, med Pocket Corner, og andre konstellasjonar.

 

 

 

 Trond Gudmestad

Trond er ein fantastisk multi-instrumentalist med ein forbilledleg musikalitet. Han er ein av dei mest melodiske trommisane eg veit om, han er ein flott instrumentalist både som bassist og gitarist. Uansett kva instrument han spelar på, gjer han alltid det rette, som eg stadig prøvar å tilstreba: han spelar dei tonane, eller slår dei slaga som trengs, med plettfri utførelse, og ikkje minst, han gir rom der det trengs. Ein god musikar veit når han ikkje skal spela. Bjerkreims Clarence White og Levon Helm, i ein og same person.

 

Plate: Vind i gardhol, eller Månesyll & Tonegull.

 

 

Embla Heskestad Jagdum

Eg har vore på fleire konsertar der Embla har spelt, og kvar gong har bassinga hennar gjort solid inntrykk; eit musikalsk fundament, ein vegg av vellyd, og ikkje minst eit nærvær på scenen som eg berre kan drøyma om å ha. Det er ei sann glede å oppleva rockeband som har ein slik bassist.

 

 

Haley Shea

Eg synes Haley er ein fantastisk vokalist og låtskrivar/tekstforfattar. Eg har ennå ikkje opplevd bandet hennar live, men eg har høyrt ho på det dei har spelt inn med Sløtface, og eg diggar det. Å høyra ho synga songane sine gir meg drivkraft til å stadig prøva å vera musikalsk kreativ, og ikkje minst minnar ho meg på at ein skal stå for det ein meinar utan å bry seg om kva andre måtte synast.

 Plate: Kva som helst av Sløtface

 

 
Google+