Hopp til hovedinnhold

NAG

Foto: Leiv Martin Green

Endeleg ser framtida kòlsvart og vonlaus ut igjen. På tide å koma seg opp av sofaen og brøla i eit pønkband

Punk/metal trioen NAG (/na:g/) spiller tett, hissig, mørk, hard og primitiv rock. 

Arnfinn Nag, gitar og vokal, Espen Nag, trommer og  Hans Nag, bass.  

 

Jeg utfordret NAG til å anbefale 5 plater/artister fra Rogaland som de synes er spesielt bra eller som har inspirert de.

Svaret jeg fikk var:

Me er aldri samde om noko i dette bandet, så eg må presisera at denne lista står for Arnfinn (gitar, vokal) si rekning.

Uansett, here it goes: Ingenting : Rogalendingar flest veit kanskje ikkje dette, men Ingenting ER det beste rockebandet frå Rogaland. Dei har alt som eit ekte rockeband skal ha, og dei har det på ein distinkt Rogalandsk måte. Motörhead og AC/DC er fett det, men på eit vorspiel i eit boligfelt i Rogaland er det Ingenting som gjeld.

 

 

Haggis : Imaget og tekstane til dei aller fleste nyare pønkband vekker sjeldan sterkare reaksjonar enn eit skuldertrekk. Ikkje Haggis. Det i seg sjølv gjer at dei må på denne lista.

 

 

Ordrenekt / CHUD : Strengt teke to band, men meir eller mindre same stil og meir eller mindre dei same folka. Old school trasha hardcore med glimt i auga. Når medlemma har alias som Slaktaren og Beastman og songane har titlar som blodbad og Systematisk massemord, kan det mest ikkje gå gale. Og det gjer det heller ikkje.

  

 

Beachheads : Deilig med eit nytt pop-rockband som ikkje er irriterande overprodusert. Det er ikkje lag på lag med vokalar og instrument og alskens digitale effektar. Berre eit enkelt rockekomp, ein kompetent vokalist og ikkje minst gode melodiar.

 

 

Dangerface : Må jo nesten nemna desse sidan dei er kompisar. Men dei er bra òg, altså. Refused-aktig party hardcore.

 

NAG (/na:g/) is a punk/metal trio from the Norwegian west coast. The band name is taken from the norse word for repressed anger and hatred, and it certainly suits their style. Although heavily influenced by the old-school of crust punk, hardcore and metal, they haven’t simply recycled the sounds and themes of the past. Instead, they have overhauled and upgraded them. The result is a band tailor-made for post-social democratic Europe: Dark, hard, primitive, aggresive. And a bit strange.

Google+