Hopp til hovedinnhold

Samhald er tema i 2018

Kapittel logo

Kapittel går i 2018 av stabelen 19. til 23. september og får hovudtemaet samhald.

Festivaltemaet i 2018 er inspirert av det som ser ut til å vera eit press mot nasjonalt og kulturelt samhald i Europa og andre stadar som følgje av politisk usemje og auka mangfald. Neste år er det òg hundre år sidan avslutninga av første verdskrigen. Folkeforbundet, forløparen for Dei Sameinte Nasjonane, blei danna som ein direkte konsekvens av krigen og ei erkjenning av behovet for europeisk og internasjonalt samhald for å unngå katastrofale krigar.

Me vil dessutan nytta temaet til å få gode folk til å snakka om språkleg og kulturelt fellesskap i Noreg. Diskusjonar om norsk identitet og lokale identitetar rundt i landet er i vinden – dels på grunn av all debatten om kommunesamanslåingar. Norsk språk og forholdet mellom nynorsk og bokmål blir òg eit tema, i eit år då me markerer to forfattarar som har vore heilt sentrale målberarar for utviklinga av kvar si målform: Aasmund Olavsson Vinje ville blitt 200 år i 2018, og André Bjerke ville fylt 100. 

Google+