Hopp til hovedinnhold

Nynorsk 8-10 klasse

Her finner du våre titlar på nynorsk for ungdomsskulen.

Belsvik, Runde: Verdas mest forelska par: ei forteljing frå Bløygen (30 eks.)

Esmiluni og Bidger har det godt. Dei bur i den vesle bygda Bøygen. Her dyrkar dei livet og kvarandre. Som kjærastar flest pludrar, kosar og klemmer dei dagen lang. Det einaste som kan true idyllen, er ein konkurranse om kven som skal kårast til Verdas mest forelska par – og Bjørn Disel. Bjørn Disel bur også i Bøygen, har bensinstasjon og er hemmeleg forelska i Esmiluni. Når den store konkurransen blir offentleggjort, melder han seg og Esmiluni på. Men Esmiluni er også påmeldt saman med Bidger, og heile Bøygen står bak dei når dei drar avgarde for å sikre heimbygda den store premien. Både konkurransen og Bjørn Disel set kjærleiken mellom dei to på ei hard prøve. Men som seg hør og bør i ei romantisk forteljing, endar det godt. Eit frodig persongalleri, underfundig humor og Belsviks særprega forteljarstemme gjer dette til ei spesiell leseoppleving.

 

Bruheim, Magnhild: Dragsug (28 eks.)

På treningstur i skogen finn journalisten Tone Tarud eit kvinnelik. Kvinna er drepen. Tarud har møtt henne eit par veker tidlegare – på dansetreff for einslege – og ho får også sjølv ei stadig sterkare kjensle av at nokon er ute etter henne. Som einsleg har ho søkt etter partnar på Internett. Tarud arbeider med eit radioprogram med pårørande til menneske som er dømde for mord. Er det ein av mordarane som mislikar det ho arbeider med? Eller er det ein av mennene ho har møtt gjennom Internett? Kan det vere samanheng mellom drapet og det ho etter kvart opplever som trugsmål mot seg.

 

Bruheim, Magnhild: Ny melding (Bok 1, 25 eks.)

Kari-Marie, Kami blant venner, er forsvunnen. Ein sein kveld ringer Kami til venninna si, Bente, på veg heim frå bussen, og då er ho saman med ein ukjend gut. Etter det, forsvinn Kami. Men Bente held fram å få tekstmeldingar frå Kami. Men er det verkeleg ho som sendar dei? Det kan jo vere nokon annan som brukar telefonen hennar. Blir ho halden som fange, eller har ho rømt frivillig? Bente må finne ut av mysteriet på eige hand. Det fører henne til Oslo, og mange farlege situasjonar.

 

Bruheim, Magnhild: På flukt (Bok 3, 30 eks.)

Bente og Henrik arbeider med ein dokumentar om innvandrarjenter da dei kjem i kontakt med Yasmeen. Snart er dei innvolverte i ei sak som har med tvangsekteskap og æresdrap å gjere, og i ein flukt på liv og død.

 

Bruheim, Magnhild: Det som er sant (30 eks.)

Kva er sant, og kva er rykte? Kven si side stiller du deg på når det er ord mot ord? Linn og Solveig er bestevenninner, men vennskapen blir sett på ein vanskeleg prøve når Hanna og Sander har to ulike versjonar av kva som eigentleg skjedde på det rommet på den festen.

 

Desplechin, Marie: Aldri tilfreds (15 eks.)

Aurora synest livet er så ur-kjedeleg at ho bestemmer seg for å skrive dagbok. Ho meiner at ingenting skjer, men i dagboka skriv ho med ein vittig og sarkastisk penn om dei irriterande systrene sine, den teite faren, den nysgjerrige bestemora, den håplause lærarinna og den smellvakre guten ho ikkje veit namnet på. Nynorsk tekst. Roman for mellom-/ungdomstrinnet.

 

Hansen, Atle: Det kvite pulveret (30 eks.)

Anders bur på ei lita øy ute i havgapet. Ein varm sommardag finn han ein svart pakke nede i fjæra. Pakka gøymer han på ein hemmeleg stad så han kan studere innhaldet i fred og ro, trur han. Men han er ikkje åleine i fjæra, ein mørkledd mann ser alt han gjør. Det som Anders trudde skulle bli ein kjedelege sommar saman med dei tre vennene sine, blir i staden meir spennande og dramatisk enn han hadde håpt på når ein livsfarleg smuglarliga kjem til øya. Spenning for mellom-/ungdomstrinnet.

 

Hansen, Atle: Fangar i natta (30 eks.)

Martin, Anna, Anders og Steinar får ein ny sak å hanskast med når Martin ein morgon kjem ned til jolla si og ser at påhengsmotoren er borte. Fleire motorar er stole i båthamna. Samstundes er Anna i skogen, og kjem fram til eit hus der det ikkje har budd folk på mange år. Folk seier at det spøkjer der. Brått dukkar det opp ein mann i døra som Anna aldri har sett før. Dei fire barna på den lille øya i havgapet er i stor fare når dei avslører ein aust-europearbande som stel påhengsmotorar. Spenning for mellom-/ungdomstrinnet.

 

Hauge, Kolbjørn: Heit juice (25 eks.)

Den første kriminalromanen om førstebetjent Arthur Andersen og kriminalbetjent Håkon Brenna. Dei kjem til vestlandsbygda for å løyse mordet på Anton Lillebergen som ein dag ligg død på kjøkkengolvet. Løysinga er temmeleg overraskande, og den verkelege mordaren blir ikkje avslørt før på siste side. Frå 9. klasse

  

 

Hovland, Ragnar: Ein motorsykkel i natta (26 eks.)

Hovudpersonen er ein ung gut som vi aldri får vite namnet på. Han bur i ei falleferdig rønne saman med ein fordrukken onkel. Foreldra er forsvunne, og broren Raymond har stukke av etter å ha vore i klammeri med den lokale gjengen, Mamba-gjengen. Utanfor huset flyt elva som er opphav til mange slags reisedraumar. Så dukkar Raymond opp igjen.  9.-10.klasse

 

Hovland, Ragnar: Fredlaus (15 eks.)

Anders rømmer frå foreldra og systrene sine når han skjønar at foreldra skal skiljast. Han slår seg ned i det gamle huset etter Dobbel-Aksel for å gløyme sitt tidlegare liv og leve på villmarksvis. Det går ikkje lang tid før den mystiske Hilmar frå Skogane dukkar opp, og den eine etter den andre finner skjulestaden hans. Anders må ta stilling til fleire vanskelege spørsmål som kva han skal gjere med kjærleiken, og om han skal være med Hilmar på eit farleg oppdrag. Livet i villmarka blir ikkje heilt slik Anders trudde, det er både annleis og farleg i skogen. Roman for ungdomstrinnet.

 

Kaaberbøl, Lene: Skammarens dotter (bok 1, 33 eks + lydbok)

Dina har arva den eigenskapen frå mora som gjer at alle må frykte henne: Berre med blikket kan ho få folk til å tilstå kriminelle handlingar. Når Skammaren blir kalla til Dunark-borga der den vonde fyrst Drakan herskar, må Dina komme mora til unnsetning.

 

Bøkene har hatt stor suksess i fleire land. Hovudpersonen er den 11 år gamle Dina, som er dotter til Skammaren og har arva same gåva som mora har: Når ho ser nokon i auga, er dei tvinga til å fortelje heile sanninga. Blikket gir makt, men det er også ei farleg gåve. Forbrytarar fryktar ho, og mange ønskjer å utnytte ho. Forfattaren Lene Kaaberbøl blei i 2002 kåra til beste Disney-forfattar for W.I.T.C.H.-serien, og er nå nominert til den velrenommerte Marsh-prisen for Skammarserien.

 

Kaldhol, Marit: Kino: noveller for ungdom (15 eks.)

Dette er ei samling med 8 noveller der hovudpersonen ikkje alltid skil mellom fantasi og røynd. Mange unge vil kunne kjenne seg att i novellene da dei ofte tek utgangspunkt i skrekk- eller lystfantasiar, kjensler mange kan oppleve i byrjinga av tenåra. Nynorsk tekst. Noveller for mellom-/ungdomstrinnet.

 

 

Kolerud, Arnfinn: Den som ikkje har gøymt seg no (30 eks.)

Ungdomsroman. I denne boka får vi innblikk i Odd sitt skuleliv, familieliv og venneliv. Alt har eigentleg utgangspunkt i eit merkeleg dødsfall – ei gammal dame kan ha fått ein ball i hovudet og dødd av det. Like etterpå dør også den vaksne sonen hennar. Huset hans brenn ned og han blir funnen i brønnen saman med ei mengd eple som flyt nede i der. Det er Odd som har kasta epla ned i brønnen. I følge forlaget er dette ei underhaldande guttebok med underfundig humor.

 

Kvalvaag, Hilde K. Nattsommarfugl (30 eks.)

Johanne er på sommarbesøk hos mormor og morfar. Mens ho er på besøk der treff ho Mattias som ho får varme kjensler for. Dei drar på hyttetur saman, men ein slengbemerkning frå Mattias får Johanne til å slå opp. Ho vil ikkje vere kjærast med han lenger. Dagen etter får ho vite at Mattias er forsvunnen. Nynorsk tekst. Ungdomsroman for mellom-/ungdomstrinnet.

 

Røssland, Ingelin: Handgranateple (30 eks.)

Anja har flytta heiman frå for å begynne på vidaregåande skule i byen. Ho flyttar inn på ein hybel i nærleiken av skulen. Då ho budde heime hos foreldra levde ho eit grått og kjedeleg liv, men i byen møter ho Malin som snur opp ned på livet hennar. Malin bringer meir spaning i livet til Anja enn ho kanskje har godt av. Nynorsk tekst. Roman for ungdomstrinnet.

 

Røssland, Tor Arve: Svarte-Mathilda (Bok 1, 30 eks.)

Ei ung jente blir funnen knivdrepen i heimen sin. Mordet blir aldri oppklart. Leilegheita som var åstaden for mordet, står tom i 20 år. Når Elisabeth flyttar inn, byrjar ho å grave i historia til drapet, med god hjelp av den nye klassekameraten Philip og bibliotekaren Viggo. Dei kjem over legenda om den demoniske Svarte Mathilda, som gøymer seg i ein spegel, og som kjem dersom du kallar på henne. "Svarte-Mathilda er en ungdomsbok, men er spooky nok for voksne, og eg kan godt sjå for meg at dette kunne ha blitt en film. Den er velskrevet, underholdende og grøsselig god proppet med spenning fra første side."

 

Røssland, Tor Arve: Svarte-Mathilda II (Bok 2, 15 eks.)

Den første boka om Svarte-Mathilda blei nominert til Uprisen og har blitt ein favoritt i skulebiblioteka. No kjem bok nummer to om Elisabeth og den demoniske Svarte-Mathilda, som gøymer seg i ein spegel.

Etter dei fryktelege opplevingane i første bok, gler Elisabeth seg denne gongen til nokre veker på språkskule i Italia. Ho og venninna Gry blir innlosjert i eit herskapshus i utkanten av Verona, men anar fort at ikkje alt er som det skal vere i familien dei bur hos. Kvifor oppfører dei seg så rart? Og kva betyr den mystiske meldinga frå bibliotekaren Viggo? Har han funne ut meir om Philip si forsvinning?

Parallelt med denne historia blir vi endå ein gong tatt med tilbake til Hardanger på 1800-talet, til garden Langetun der legenda om Svarte-Mathilda har sine røter.

 

Sortland, Bjørn: Alle har eit sultent hjerte (30 eks.)

Ina har nettopp oppdaga at ho er gravid med Erik. Ho blir sår, sint og frustrert, for det var så mykje ho hadde planar om. No veit ho ikkje kva som vil skje. Erik seier han vil hjelpe ho. Han køyrer ho til bestevenninna i Oslo, så ho får snakka med henne. Ina treff venninna, men er stadig like usikker. Ho og Erik reiser tilbake til vestlandet og heimbyen, i lag. Ingen av dei har bestemt seg for kva som er best å gjere, men under køyreturen blir dei kjent med kvarandre på ein ny måte, dei har i alle fall begynt å snakke saman. Og dei har skjønt at dei har eit val. Dette er ein roman om å velje og om begjær etter å få mest muleg ut av livet. Nynorsk tekst. Roman for ungdomstrinnet.

 

Sortland, Bjørn: Kva tåler så lite at det knuser om du seier namnet på det? (15 eks.)

18-åringen Markus forelskar seg hodestups i den fire år eldre Ingrid. Han gjer alt han kan for å få ho til kjæraste. Det fine er at han lykkast, men dessverre har lykka ei bakside. Ingrid har kreft og skal snart døy. Dette er ein roman om kjærleik og død. Roman for ungdomstrinnet.

 

Sunne, Linn T.: Happy (30 eks.)

Mo og faren flyttar til ein ny stad fordi faren har fått ny jobb i kommunen. Boka startar med Mos første dag på den nye skulen, i 8. klasse. Det er ikkje berre greit å vere ny, Mo blir bombardert med spørsmål frå nyfikne elevar og lærarar. Men Mo er godt førebudd og svarer så godt ho kan, især likar ho å fortelje om den fråverande mora som er motefotograf i New York. I byrjinga av boka får ein inntrykk av at Mo og faren har ein lett og optimistisk tone seg imellom, men litt etter litt slår det vellykka bilete sprekkar. Medelevane skjønar etter kvart at Mo lyg og etter som Mos historie blir avslørt, blir ho utstøyt av dei andre og må starte på botnen av. Dette er ei forteljing om å vere ny i klassen, om å lyge og ha pokerfjes som sprekk. Roman for mellom-/ungdomstrinnet.

Sunne, Linn T.: Saiko (30 stk.)

Ella kjeder seg på skulen, men gleder seg til festen på Svartstein på laurdag. På festen kjem Simon som Ella er forelska i. Steinar, som dei kallar Saiko, skal kjøre Ella, Olivia og Noor til festen. Ting går ikkje som planlagt, og snart er Ella rota inn i noko ho ikkje kunne ane konsekvensane av.

 

Torkildsen, Terje: Marki Marco (30 stk.)

16 år gamle Marco bur i byen Moulindam i Belgia. Ein morgon då han snik seg inn i slottsparken for å studere fuglelivet, oppdagar han ei naken kvinne som står og røykjer. Denne oppdaginga blir starten på den beste og verste sommaren i Marcos liv. Både terroristar, galne skogvaktarar og også Marcos nærmaste familie blir ein trussel, og Marco må gå i dekning for å redde sitt eige liv. Dette er ein forteljing om kjærleik, sex, action og spenning. Forteljing for ungdomstrinnet.

 

Torkildsen, Terje: Arrfjes. (30 eks.)

I april 1812 oppdagar førstereisguten Ejner Tevig og resten av mannskapet om bord på den norske skuta Haabet ein engelsk brigg i Nordsjøen. Kanonbåtkrigen med England er på sitt hardaste og fleire tusen norske sjømenn blir tekne til fange og sende i den engelske prisonen. Kapteinen på Haabet bestemmer likevel at dei skal kapre den engelske briggen. Det burde dei absolutt ikkje gjort. Dette er ein historisk sjøroman. Forteljing for ungdomstrinnet.

 

Torkildsen, Terje: Stavanger stories 1 (15 eks.)

Betty, Broremann og Duxen er søsken. I denne novellesamlinga kan ein lese om korleis dei opplever ulike møte med livet, døden, gleda, saknet og kjærleiken. Betty har eit nærare forhold til mormor enn til mor, Broremann blir sett på sitt livs hittil største prøve når han må legge ut i båt åleine, og Duxen tabbar seg loddrett ut som russ. Noveller for ungdomstrinnet.

 

Torkildsen, Terje: Dystopia 1 (30 stk.)

Ein motorveg av ei lesaroppleving. Dystopia I er første boka i firebokserien DYSTOPIA2014. Seks syttenåringar frå International School of Stavanger er på studietur i London då byen blir ramma av den verste naturkatastrofen i manns minne. Ei kjempebølgje slår inn over metropolen om morgonen 18. januar 2014. Byen bryt saman, og det blir ei reise på liv og død for ungdommane, som berre har eitt mål: Dei vil heim til Noreg. Dystopia I er skreddarsydd for utolmodige tenåringar. Med eit dødsalvorleg bakteppe skaper komikar og forfattar Terje Torkildsen ei bok med humor, driv og ungdommeleg optimisme.

 

Walgermo, Alf Kjetil: Mitt bankande hjarte (30 eks.)

Amanda er 14 år og forelska. Samtidig truar ein farleg sjukdom med å røve frå ho alt, forelskinga, kjærleiken, livet. Korleis er det for ei ung jente å vere så forelska og samtidig vente på ein hjartetransplantasjon? Mitt bankande hjarte er ikkje ei sjukdomshistorie. Det er ei kjærleikshistorie. Om Amanda, 14 år. Det er historia om det aller finaste og det aller fælaste på same tid.

 

Zanger, Jan de: Kvifor sa vi ingenting? (33 eks.)

Boka tek opp eit kjend og alvorleg tema, mobbing. Pieter Vink møter dei andre i klassen sin for fyrste gong på 25 år, og etter kvart begynner han å tenke på episodar frå skuletida. Ein av gutane i klassen blei plaga av fleire andre elevar og av ein av lærarane. Dagen før den siste eksamensdagen sykla han over ein togovergang og blei påkjørt og drept av toget. Boka er velskreven, med sterke synspunkt.

 

Øglænd, Finn: Passe hard, passe mjuk (30 eks.)

Han er 15 år og vakner og veit at det er i dag det må skje. I draumen har han sett korleis han skal gjere kur til Elise. Problemet er at han er den mest ukule guten på heile skolen. Så på klasseturen skjer det store. Den populære Marion slår seg i lag med han av ein eller annan grunn, og dagen blir ganske spesiell for dei begge. Dette er ei bok om å  få litt tru på seg sjølv og å blir litt meir vaksen. Passar best for ungdomsskoletrinnet.

 

Øglænd, Finn: Rebell (21 eks.)

Alex er rebell, eller det er iallfall det han kallar seg. Han bur i lag med mor si i Stavanger og blir kalla "Storhaugs skrekk". Han held seg meist inne og høyrer på samlinga av lp-plater med punk han arva etter far sin, før han stakk av gårde til Thailand og fann seg ei dame der. Alex chattar mykje på internett med ei mystisk jente som heiter Julia, samtidig som han kanskje er forelska i Silje i klassen. Han tek toget til Oslo for å møte Julia, men hoppar av i Egersund fordi han plutseleg kjennar på seg at ho er ein bløff, og dessutan får han ein svært oppløftande SMS frå Silje. Men kva med Beate frå Vassøy og venninna hennar? Dei er heller ikkje verst. Det er jammen ikkje lett å vere rebell. For ungdomstrinnet

Google+